Går det an å summera eit liv gjennom eit lite dikt
Sjølvsagt ikkje… men som livet ellers går det seg litt te, på sikt
Dette diktet som eg håpa at eg aldri nokon gong trong dikta
Etterkvart som eg begynte å tru at livet ditt aldri kunne svikta
Men her står eg etter ei veka som ligg att der bak i tåka
Her sit så mange av dine kjære, som av din bortgang no vert råka
Du elska våren, fargane, eit glas vin og jedna litt chips
Dette æra me i dag med våre fargerike sjal og fargerike slips
Det har dukka opp mange passord te gamle, nedstøva filer denne veka
Heilt frå då eg va for liten te å vara med dokke store å leka
Eg fekk ikkje vara med, då eg va liten, brukte bleier og hadde frekner i heila fjeset
Det va du og Jan Kåre dei som utgjorde kremen i Ysthusneset
Eg måtte sjå på når du gjekk ut på kvelden, av og te itte klokkå sju
Mens eg sat igjen og ynskja at eg sko veksa fort….og ei gru
Etterkvart som bleiene forsvant og freknene la seg te ro
Avanserte eg te håntlangar for dokke store…..grad to
Når dokke bygde hytter langa eg spiker i ein rasande fart
Eg trur vel det va her at ditt yrkesval blei klart
Føler eg er nøydd til å dela eit heilt spesielt minne
Frå den tiå du og Harald ikkje akkurat delte kjærleik på pinne
Hugsar ikkje heilt om eg va sju elle åtta
Men eg vett det var eit par veker itte du hadde lert meg å spotta
Harald og dei sko øvenatta i hyttå dei nettopp hadde bygd
Då han oppdaga at proppen i loftmadrassen hans, hadde gått av med trygd
Han sende meg difor heim for å låna proppen frå madrassen din
Eg følte meg litt kry…jobben som sendebud va med dette min
Men tru for all del ikkje, at dette var ein jobb for ei pysa
Eg fekk ikkje fullbyrda forespurnaden før du begynte å fnysa
I ein sjelden rasande fart blei eg sendt attende
Med klar beskjed at eit slikt lån, kun i draumane hans ville hende
Utan to sekunds pause sende Harald meg i strak retur
Med truslar som hadde blitt strokne i den mest vågale sensur
Slik flaug eg fram og attende, med trugslar i stigande grad
Det er det næraste Ysthusneset nokon gong kom eit blodbad
To timar seinare sat eg heima, under altanen og heiv itte pusten
Med eit vokabular som nok hadde sendt sjokkbølger langs heile kysten
I øyrene va det ei fantastisk breidde av nye gloser som peip
Det va monge hvis dei hadde fått innsyn, som hadde sleppt ner ein geip
Det dreide seg om nye gloser som himtefødning og svimlepip
Og ellers ord, som for dei fleste va utforbi eitkvart begrip
Sjølv om karriera som sendebud, med dette brutalt tok slutt
Lerte eg i dei komande åra, nye ting frå dokke jevnt og trutt
Det er passorda te slike rike minner, som denne veka har dukka opp
Dei vert ekstra dyrebare nå, for framtidige minner med deg har nå sagt stopp
Det er utallige slike minner som til slutt skapar eit liv
For nokon vil minnene om deg Didrik, kanskje gi ein heilt ny giv
Er det slik at når eit hjarta har stoppa, så e det heila øve
Eller er det slik, at dette livet kanskje bare var ein prøve
Ein kan undras øve kven, eller kvifor, eller kvar
Av alle her inne, er det kun du som sit med slike svar
Når eg ser utøve havet av folk, blomar, helsingar og krans
Lyser eg fred over ditt minne Didrik…du besto livet med glans
Vis mer
Vis mindre