Edvin vart fødd i Naustdal i 1934 i Sunnfjord. Han var nummer 6 i ungeflokken og
hadde ei søster og 7 brødre som alle no har gått bort. Etter å ha prøvd seg som
meieriarbeidar i Naustdal og dreng i Hardanger gjekk vegen vidare til sjømannsyrket i utanriksfart via marinen og utdanning i Risør, Bergen og til sist Haugesund.
Han gifta seg med Klara Hemnes frå Karmøy og dei fekk dottera Birgitte i 1962.
Birgitte flytta til Bergen og gifta seg med Stein Håkon. Seinare var det stor stas då
barnebarna Håkon og Ivar kom i 2005 og 2006.
Såpass stas var det at han i mange år kom springande mot oss rundt hjørna av huset
dei gongane bilen rulla inn på tunet. Etter veldig kort tid returnerte han inn i huset med ungar og 3-4 pakke-nellikar under armen i eit rett nok lågare tempo.
Kona Klara døde i 2013 noko som var tungt både for Edvin og oss.
For oss har det betydd mykje å ha Klara og etter kvart berre Edvin som reisemål på
Karmøy. Edvin sette stor pris på naturopplevingar, noko som har gjort at me andre har fått oppleva turar ma. i Jotunheimen, Rondane, og til Røyningsbu og Sålefjell.
Etter kvart vart aksjonsradiusen mindre, men det var framleis stor stas når Edvin var
med oss til Hemnes eller Åkrasanden med termos og stormkjøkken. På Åkrasanden
gjekk han dessutan ofte utan at me andre nødvendigvis var med han.
Andre felles interesser var sport og då helst frå TV-stolen utan at Edvin tok resultata
så veldig alvorleg. Fotball og skiidrett var favoritten, men han engasjerte seg og i
sjakk og sykkelsport.
Det var og artig å høyra besten fortelja om episodar frå barndommen i Naustdal og
frå tida til sjøs. Nokre av historiane var spanande fordi dei var dramatiske. Som
stuping frå bro-vingen på båten medan dei venta på å verta slusa gjennom Panama-
kanalen. Eller då han oppdaga to vaksne og eit barn som held på å drukna i den
engelske kanal. Alt gjekk som regel bra til slutt.
Edvin laga mat til oss. Ofte. Han hadde si «gullrekke» med ovnsbakt laks, lettsalta
torsk eller kylling i ulike variantar, men å prøva å laga «komla med dott» vågde han
seg ikkje på. Både han og me andre synst difor det var svært kjekt når han inviterte
oss alle ut på komlemiddagar. Helst i Haugesund for turen si del.
Minna er mange og alle er gode. Med djup takksemd vil me lysa fred over desse
gode minna.