Informasjon

Magne Gerhard Misje

  • 15.05.1933 - 24.03.2016

Klok formidlar og ei brennande sjel

Som programsekretær i NRK hadde Magne Misje alltid eit prosjekt ved sida av dei daglege sendingane i NRK Rogaland. Om "Evig heder", krigsseilarane sitt epos, sa han mange gonger at serien aldri hadde blitt det han blei utan Dag Indrebø. Hans faste makker ved større fjernsynsproduksjonar. - Der eg tok av, drog han meg ned på jorda att, fortalde Magne.   Få norske journalistar har hausta så mykje takk og heider som Magne Misje. Skjærtorsdag la havstrilen frå Misje i Øygarden som blei skudenesbu inn årene. Han sovna roleg inn på Vea sjukeheim, 82 år gammal. Då den unge læraren kom til framhaldsskulen i Skudeneshavn i 1956, hadde han tatt landsgymnas på Voss og lærarskule i Bergen. Faren var skulesjef i Øygarden kommune . Magne var eldst i søskenflokken på fire og onkel Anton omkom som krigsseglar under andre verdskrigen. Snart vart Magne rektor på realskulen og så rektor på Skudenes ungdomsskole.  Så, i 1971, fekk han eit årsvikariat i NRK i Bergen. Heile familien flytta dit. Magne fekk tilbod om å halda fram, men nå var strilen blitt skudenesbu og ville heim att. Han heldt fram som rektor i Skudeneshavn, samstundes som han frilansa for NRK Rogaland. Då nordfylket i 1977 skulle få eige kontor, etter mykje om og politisk men, blei Magne den første, og lenge einaste, tilsette.   Formiddagslokalen blei i mange år hans faste tilhald. Røysta, den milde og rolege, dei respektfulle spørsmåla og den ekte interessa  for alle slags folk, prega sendingane hans. Musikksmaken var god. Sjøl trakterte han både trekkspel, piano og gitar til meir enn heimebruk. Men hangen hans sto til jazz av det klassiske slaget  - serleg Luis Armstrong. Sildajazzen elska han og dekka frå opninga i Dokken til siste trompettone - år etter år. I Skudeneshavn trefte Magne Irene (f. Seilfaldet) og det blei romanse og familieliv med fire barn, tre gutar og så til slutt Kjersti. Barn og fem barnebarn har gitt dei mange gleder. Men sorga var mest ikkje til å bera då eldsteson Bjørn, ingeniør med familie og i arbeid for Teleplan i Bangkok, kom heim påsken 1998. Han kjende seg dårleg. I august same året døde Bjørn av ein virus på hjarta som legane ikkje fann ut av. Slaget var hardt. Magne gjekk av med AFP-pensjon. Snikande kom og ei illevarslande skjelving som få år etter viste seg å vera Parkinssons sjukdom.   For "Evig heder" vanka det både journalistutmerkingar og heidersteikn frå sjømannsorganisasjonar og krigseglarforbund. Duoen Misje/Indrebø fekk også heiderspris for tv-programmet om "Sleipners siste reise". Han skreiv bøker om krigsseglarar og kystens kvinner i kvardag og fest. Magne seilte jorda rundt og leverte radioreportasjar til det populære programmet "Hav og Havn" der hans gode ven Erling Storheim styrte skuta. Heime i Skudeneshavn gjekk det i sjømannsforening, gode vener, Konvoi Cup og han var med og starta Lions Club. Han var og med i frimurarlogen i Haugesund. Kvar søndag bar det på tur i Karmøyheiane. Gjerne med minste ungen sitjande på ei gryte nedi ein ryggsekk.  Og kvar sommar drog han med det kjære, velhaldne "møbelet sitt" av ein  plattgatter  heile vegen frå Karmøy til Øygarden. Heim til Misje. Og så heim att - til Alterfjellet i Skudeneshavn.   Magne var ein mann med mange kjensler. Han sat i både kommunestyre og formannskap i Karmøy. Klassisk venstremann. Litterær og frisinna. Sjøfolk sto han ekstra nært. Ein gong, då Magne hadde ein diskusjon på telefonen med ein mann som ikkje hadde same sansen for dei seilande, høyrde eg han bjeffa inn i telefonen: "Eg skal seia deg ein ting, min gode mann. Det finst stort sett berre to slag folk her i verda: Sjøfolka - og dei hine!"   Som kollega på NRK Rogaland sitt haugesundskontor var han ein durabeleg støttespelar mot alle som var større enn oss - anten det nå var Stavangerkontoret eller leiinga for distriktskontora på Marienlyst. Men mest av alt var Magne ein opplyst, hjelpsam og engasjert mann.   Hans minne vil vare.   -- Skrevet av Sigmund Hansen

Om begravelsen til Magne Gerhard Misje 


Begraves fra Falnes kirke fredag 1. april kl. 13.00. Sørgehøytideligheten avsluttes ved graven.


Adresse til begravelsesseremonien

Falnes kirke, Falnes, 4280 Skudeneshavn